CV

  • for Oddrun Midtbø (f. 29.april 1964)

Bakgrunn: Eg har arbeidd som journalist sidan 1985, sidan 1988 som frilans (enkeltpersonføretak sidan 2000.) Eg er allroundjournalist og leverer ”full pakke”; tekst, foto og illustrasjon. Hovudsakleg innanfor tema næringsliv- og distriktspolitikk, men eg trivst veldig godt med forskings-, kultur- og utanriksstoff. Med andre ord; eg er ein allroundjournalist som blir inspirert av å treffe nye og spennande intervjuobjekt og bryne meg på nye oppdrag – gjerne med korte fristar.

Eg utfører også oppdrag som avbyråkratisering av språk, språkvask og korrekturlesing. Språket er det viktigaste verktøyet for ein journalist og mottoet er; ”Det enkle er oftast det beste.”

Frå å vere ein ”objektiv” journalist, tillet eg meg no å ha meiningar. Dette kjem til uttrykk i spalter der det passar seg med slikt. Det er viktig å halde ulike journalistiske genrer frå kvarandre, og vere open om ulike bindingar.

Frå 2006 kan eg bere tittelen Styrekandidat. Hausten 2007 gjorde eg det ein kan kalle ein kometkarriere i Bedriftsforbundet. Eg melde meg inn som medlem i februar, vart vald inn i styret i Sogn og Fjordane i april, og som medlem i landstyret under kongressen på Røros i september. Våren 2007 vart eg utfordra til å stille som kandidat som styremedlem i Sparebanken Vest si nyetablerte næringsfond. Sjølvsagt svarte eg ja til å vere med å disponere tre millionar kroner som kan hjelpe initiativrike folk i ein tidleg grynderfase. Frå hausten 2008 arbeider eg også som styremedlem i Sogndal Folkehøgskule, som står framfor ei spennande tid med utbyggingar.

Kundane mine: Kundelista mi indikerer eit breitt arbeidsfelt; frå redaktørstilling i Nettverksposten og ulike illustrasjonsoppdrag til språkvask for design- og kommunikasjonsbyrå og departement. Eg er alltid open for nye kundar og oppdrag. Kan også levere tekst på bokmål. Frilanssatsane ligg til grunn for honorar. Vil du ha ein meir detaljert overblikk over bakgrunn, trykk cv.

 



Oddrun Midtbø | Kvamsviki | 6856 Sogndal | Norway | Ph.nr: +47 95 86 17 76                        oddrun@oddrun.com