Slik kjøper du bøker på OMI forlag
Du kan bestilla direkte på nettsida oddrun.com, og betala med vipps eller kort. Det er viktig at du skriv fullstendig namn, adresse og telefonnummer for at bokpakka skal koma fram til rett person. I løpet av kort tid vil tenesta Vipps checkout vera aktiv og gjera kjøpsprosessen enklare for begge partar.
Du betalar trygt med å leggje inn kortinformasjon og godkjenne med BankID. Når betalinga er gjennomført, ordren er registrert og boka sendt i posten, får du ei melding (e-post eller sms) med sporingsnummer.
Registrering av informasjon
Eg registrerer opplysningane dine utelukkande for å gjennomføra det aktuelle salet. Informasjonen du oppgir, er konfidensiell, og eg sender ingen informasjon vidare til tredje part, utanom det som trengst for å gjennomføra av kjøpet og levering.
Følgjande informasjon vert delt med tredjepart:
Betalingsinformasjon:
- Betalingshandsamar vipps
Registrerer du deg som mottakar av nyhendebrev, vil berre namnet ditt og e-postadressa bli lagra og utelukkande bli brukt til dette føremålet.
Frakt og levering
Gratis frakt. Bestillinga blir vanlegvis sendt i løpet av to arbeidsdagar.
Angrerett
For kjøp på OMI forlag gjeld «Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)». Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Retursendt vare må vera i same stand som då du mottok han. Eventuell frakt på retur blir betalt av bestillar. Merk returen tydeleg med namn og ordrenummer.
Feil ved leveransen/reklamasjon
Ved feil eller manglar i leveransen, ta kontakt med meg på oddrun@oddrun.com
Legg gjerne ved eit bilete av eventuell skade. OMI forlag dekkjer kostnadar for retur av mangelvare. Merk returen tydeleg med namn og ordrenummer.