På OMI forlag kan du:
kjøpa boka “Harastølen. Heimen for dei utstøytte”, som kom ut i 2023. Fri frakt.

og/eller
du kan kjøpa boka “Lobotomert. Ein skamplett i norsk psykiatri”. Boka kom ut i november 2025, og har fått gode meldingar frå både lesarane og meldarane i mellom andre avisene Dag og Tid og Morgenbladet. I tillegg er boka nominert til Indiebokprisen i sakprosa! Prisen som Harastølen-boka vann i 2024. Eg er sjølvsagt kjempeglad for å bli nominert, og spent på om boka går vidare til kortlista og kanskje heilt til topps? Det får tida vise, men det er hard konkurranse i år.


Dag og Tid, 25.11.2025:

Morgenbladet, 16.1.2026:
Reaksjonar frå diverse lesarar:
“For ei bok! Den er som ein grøssar. I dag er psykiatrien i krise. Boka er verdfull fordi den minner oss om det mørkaste kapitlet i psykiatriens historie i Norge: lobotomeringane og alle dei maktovergrepa som kunne skje i fleire tiår på dei lukka institusjonane.” Knut Olav Åmås
“Oddrun Midtbø har klart det som mange ville tro var umulig: Å skrive seriøst og samtidig lettfattelig om et dystert emne i medisinens historie. Lobotomi er et mørkt og dystert kapittel, og det er lett å bli etterpåklok. Midtbø klarer å være balansert, samtidig som hun i klartekst avdekker de mange overgrep som ble gjort i behandlingens tjeneste. Boka vil bli stående som et standardverk i historien om den norske psykiatriens mørke side. En av årets viktigste bøker.” Bård Ose
